Statsbudsjettet - Agder

Vekst i de frie inntektene for kommunene

Den nominelle veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren frå 2023 til 2024 er anslått til 4,8 prosent, rekna frå anslaget på rekneskap for 2023. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteanslaget for 2023 med 4,1 milliardar kroner frå revidert nasjonalbudsjett for 2023. Kostnadsveksten i kommunesektoren i 2024 er anslått til 4,3 prosent.

Anslaget på dei frie inntektene til kommunesektoren i 2023 inkluderer rammetilskot og skatt i alt (inkludert skatteutjamning). Inntektsveksten er vist i 1 000 kroner og i prosent rekna frå anslag på rekneskap for 2023. Vekstanslaget er korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa mellom forvaltningsnivåa.Veksten er vist i nominelle tal.

For å anslå skatteinntektene til den enkelte kommune i 2023 og 2024, er det teke utgangspunkt i skatteinntektene i 2022. Skattenivået til kvar kommune og fylkeskommune før skatteutjamning er framskrive i tråd med veksten i det samla skatteanslaget på landsnivå og innbyggjartalet i den enkelte kommune per 1. januar 2023. Det betyr at det i anslaga er lagt til grunn ein lik vekst i skatteinntektene for alle kommunar og fylkeskommunar.

Sjå tabell 3 i Grønt hefte 2024 (berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2023–2024)) for nærare dokumentasjon for enkeltkommunar.

Statsforvaltarane har i ulik grad halde att skjønsmidlar til fordeling i løpet av året. Anslaga for vekst på kommunenivå som blir presenterte her inkluderer ikkje eventuelle skjønsmidlar som vil bli fordelt i løpet av året. Dette kan verke inn på vekstanslaget for den enkelte kommune. Veksten for kommunane på fylkesnivå inkluderer skjønsmidlar til fordeling gjennom året.

Kommunane i Agder: Vekst i frie inntekter frå 2023 til 2024

Frå 2023 til 2024 er det på landsbasis ein nominell vekst i dei frie inntektene til kommunane på 4,7 prosent, rekna frå anslag på rekneskap for 2023. Det er anslått at kommunane i Agder samla sett vil få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 4,5 prosent.

I Agder har 14 av 25 kommunar ein vekst som er høgare enn eller lik veksten på landsbasis. Størst vekst har Evje og Hornnes kommune med 7,8 prosent, mens Åmli kommune har lågast vekst med 3,4 prosent. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap for 2023.

Agder fylkeskommune: Vekst i frie inntekter frå 2023 til 2024

Den nominelle veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane er anslått til 5,2 prosent på landsbasis frå 2023 til 2024. Det er anslått at Agder fylkeskommune vil få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 6,2 prosent. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap for 2023.